Teiknekonkurranse: Ei verdsomsegling under havet

I vinter skal vi vise teaterframsyninga «Ei verdsomsegling under havet» like ved der du bur! Historia handlar om ein professor og ein kvalfangar som blir tekne til fange av kaptein Nemo, som har ein undervassbåt som heiter Nautilus. Det er ei spennande, morosam og litt skummel forteljing langt nede i havdjupet. Men korleis ser det eigentleg ut der nede i havet? Det er her du kjem inn! Vi treng hjelp frå så mange born som mogleg til å forestille oss korleis det ser ut der nede i djupet. Og slik skal vi gjere det:

  1. Du teiknar ein plante, ein fisk, ei manet eller noko anna fantastisk på havbotnen som ingen har sett før. Det kan vere noko du har sett i verklegheita, eller noko du berre forestiller deg i fantasien.
  2. Du sender teikninga til oss.
  3. Vi plukkar ut nokre teikningar som vi lagar modellar av.
  4. Modellane blir ein del av framsyninga som du kan sjå på teater i februar/mars 2026!

Innleveringsfrist for teikningar: 1 oktober

Teikningane kan sendast til «Teater Vestland, Storehagen 10, 6800 Førde«.
Om nokon heller vil skanne dei og sende dei digitalt, kan dei sendast på e-post til marknad@teatervestland.no