Teatersjefen inviterer bransjen 

— Vi vil vite at du eksisterer og er ein ressurs for scenekunst her i regionen, seier konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg.

27. september arrangerer Teater Vestland bransjetreff i Nynorskhuset i Førde. Som regionalt kompetansesenter vil vi legge til rette for nettverking, fagleg påfyll og gode samtalar om samtidsdramatikk. 

— For å ha sterke fagmiljø er det heilt avgjerande at vi møtest og blir kjende med kvarandre. Kanskje føler du deg litt åleine i ditt skapande virke, eller du er på leit etter nokon å samarbeide med? Som institusjonsteater i Vestland er det avgjerande for oss å få oversikt over kva ressursar som finst lokalt, seier Kjeldsberg.

Det er gratis å delta, men avgrensa plassar. Påmeldingsfrist 17. september. Sjå heile programmet og meld deg på HER