Ledig engasjement som inspisient

Teater Vestland søkjer inspisient til 1-årig engasjement. 

Som inspisient er du ein del av produksjonsavdelinga ved teateret, og har ei sentral rolle i gjennomføringa av teaterproduksjonane. Inspisienten er bindeledd mellom scene, kunstnarleg team og produksjonsleiing, og har ansvar for koordinering og tilrettelegging i prøve- og produksjonsperioden. Stillinga omfattar òg oppgåver som sufflør etter avtale. 

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • deltaking i og referatføring frå møte knytt til produksjon 
  • tilrettelegging og koordinering av prøver 
  • sufflering av skodespelarar etter avtale 
  • oppdatering og distribusjon av manus 
  • utarbeiding av prøveplanar, kjøremanus og prøverapportar 
  • tett samarbeid med produksjonsleiar, teknisk avdeling og kunstnarleg team 
  • organisering av reise og opphald for kunstnarleg team 
  • deltaking på turné: ink rigging, køyring av framsyning og invareta det kunstneriske utrykket  

Kvalifikasjonar

  • bachelorgrad eller anna relevant høgare utdaning, gjerne innan scenekunst, produksjon eller kulturfag. 
  • relevant erfaring frå scenekunstfeltet eller teaterproduksjon 
  • god forståing for arbeidsprosessar i prøve- og produksjonsarbeid 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • erfaring med digitale verktøy og dokumenthandtering 

Teater Vestland er ein nynorskinstitusjon, med nynorsk som arbeidsspråk. 

Personlege eigenskapar

  • strukturert og sjølvstendig 
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • løysingsorientert og trygg i ein hektisk kvardag 

Vi tilbyr

  • eit tidsavgrensa engasjement i eit profesjonelt og kreativt teatermiljø 
  • varierte arbeidsdagar med høgt aktivitetsnivå 
  • arbeidsplass i Nynorskhuset i Førde 
  • løn etter tariff 

Teater Vestland legg vekt på mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje stillinga. 

Oppstart: 7.april 2026  

For meir informasjon, ta kontakt med Frida Aven Høstaker 
Tlf. 99369927
E-post: frida@teatervestland.no

Send søknad med CV til post@teatervestland.no innan 13.februar 2026. Merk søknaden med Inspisient

Kandidatar vert vurdert fortløpande. Teateret er underlagt offentleglova. 

Relaterte framsyningar