Teater Vestland søker teatersjef

Teater Vestland søkjer ein visjonær og samlande teatersjef frå 2026

Vil du leie eit teater med røter i språket, heile fylket som scene – og eit lag som vil noko saman?

Teater Vestland er det einaste turnerande nynorskteateret i landet. Vi produserer scenekunst av høg kvalitet og turnerer i Vestland. Sidan 2023 har vi hatt heimebase i Nynorskhuset i Førde, midt i den største nynorskklynga i landet. No søkjer vi ein teatersjef som vil utvikle eit spennande repertoar, ei sterk turnéverksemd og eit levande, inkluderande teater i Nynorskhuset.

Vi ser etter ein teatersjef som har lyst til å byggje lag, forme ein sterk kunstnarleg profil og utvikle eit breitt repertoar som bidreg til at folk i Vestland fylke kjenner seg igjen i Teater Vestland. Du får rom til å prege repertoaret med historier som rører, utfordrar og samlar – og som spenner frå det nære og lokale til det universelle. Vi ønskjer oss ein teatersjef som ser scenekunsten sitt potensial som samfunnsstemme, og som vil vere med og opne teateret mot nye perspektiv og nye publikumsgrupper.

Du må ha interesse for samarbeid med frie scenekunstnarar, amatørmiljø, skular, lokalsamfunn og med profesjonelle miljø . Vi nyttar nynorsk som scene- og arbeidsspråk, og det er ein del av vårt kunstnarlege uttrykk og samfunnsoppdrag.

Om stillinga:
Teatersjefen er dagleg leiar og har hovudansvar for teateret si kunstnarlege og strategiske retning, og personalansvar for det kunstnarlege laget. Det administrative ansvaret for økonomi, drift og personalforvaltning elles er delegert til direktøren. Teatersjef og direktør samarbeider tett om utvikling og gjennomføring av teateret sitt samla arbeid.

Vi ser etter deg som:

  • Har høg kunstnarleg kompetanse og teaterfagleg bakgrunn
  • Har evne til å utvikle og realisere eit repertoar som treff ulike publikumsgrupper
  • Har erfaring med scenekunstproduksjon og forståing for produksjonsprosessar
  • Er ein tydeleg og lyttande leiar som skapar retning og lagfølelse
  • Ser samanhengen mellom det kunstnarlege arbeidet og teateret sitt samla ressursgrunnlag
  • Har forståing for samfunnsoppdraget og scenekunstfeltet sitt kulturpolitiske ansvar
  • Har kjennskap til og engasjement for nynorsk som scenekunstspråk
  •  

Kvalifikasjonar:

  • Teaterfagleg kompetanse og relevant erfaring frå scenekunstfeltet
  • Erfaring med leiing, langtidsplanlegging og god økonomiforståing
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Erfaring med politiske prosessar og myndigheitskontakt er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Praktisk informasjon:

  • Teater Vestland nyttar nynorsk som arbeids- og scenespråk
  • Stillinga er eit åremål på 4 år, med moglegheit for forlenging
  • Det er ønskjeleg at teatersjefen bur i Førde eller omegn
  • Løn etter avtale. Gode pensjonsordningar
  • Oppstart 1.1.2026, eller etter nærare avtale
  •  Søknadsfrist: 17. august 2025
  • Søknad med CV sendast til post@teatervestland.no, merka «Teatersjef»

Spørsmål?
Kontakt styreleiar Rasmus Mo, tlf. 977 10 943 eller direktør Aud Marie Åsen, tlf. 47 63 47 35

Vi gjer merksam på at søkarlista er offentleg, jf. offentleglova § 25. Dersom du ønskjer unntak, må dette grunngjevast – og vi varslar dersom det ikkje kan imøtekomast.

Teater Vestland ønskjer eit mangfaldig og inkluderande arbeidsmiljø, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, etnisitet eller bakgrunn.

Kvifor velje Teater Vestland?

Hos oss får du høve til å leie eit teater med snart 50 års historie. Teater Vestland er ein stolt og solid institusjon, forankra i landsdelen og med ambisjonar om å vere relevant, utfordrande og engasjerande. Du får ein arbeidskvardag i Nynorskhuset i Førde, i eit levande hus for språk, scenekunst og samfunnsdebatt, og eit kollegium med høg fagkompetanse og stort engasjement. Her finn du eit lag som bryr seg både om kvarandre, publikum og kunsten vi skaper.

Teater Vestland er regionteateret for Vestland fylke og det einaste turnerande nynorskteateret i landet. Vi speler årleg rundt 200 framsyningar på over 35 scener – frå kulturhus til bygdehus. I tillegg er vi vertskap for Nynorsk scenespråksenter som er Noregs einaste etterutdanningstilbod som arbeider med dialektovergang og nynorsk scenespråk.