
I vinterferien forvandlar vi oss til eit lite teaterensemble.
Teaterverkstad for 4.–7. klasse: Vi jobbar med dramaleikar, improvisasjon og spennande tekstar – og lærer korleis skodespelarar utviklar roller og historier. Til slutt set vi saman alt til eit eige teaterstykke som blir vist på scenen for foreldre og familie.
Undervisar er Kornelia Melsæter, skodespelar og musikalartist med lang erfaring frå Teatercamp i Spydeberg, der ho i sju år har leia sommarlege teatercamp-veker. Ho legg stor vekt på at borna sjølve får vere med å forme framsyninga, kome med idéar og oppleve meistringa av å skape noko i lag.
Workshoppen passar for alle, både for dei som har prøvd teater før og dei som er heilt nye. Vi møtest nokre timar på dagtid gjennom heile vinterferien, og du må ha med matpakke. Det er plass til om lag 15 deltakarar.
Vi avsluttar med visning fredag for foreldre og foresatte ca. kl 15:00. Varer maks 30 min.
Dato: 16.-20. februar (vinterferien)
Tid: kl. 10-14
Stad: Nynorskhuset
Alder: 4.-7. klasse
Tal plassar: 15
Pris: 1.000 kr
PÅMELDINGSSKJEMA FINN DU HER (vel «legg i handlekorga»).
For spørsmål ta kontakt med: tone@teatervestland.no
Ferieteaterskulane er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule
Betaling:
Søskenmoderasjon
Dersom fleire barn frå same husstand melder seg på, får søsken ein redusert pris. Skriv gjerne i påmeldinga om barnet har søsken som òg skal delta.
Pris for første deltakar: 1.000 kr
Pris for søsken: 500 kr
Anna:
For at vi skal kunne gi alle deltakarane ei best mogleg oppleving, er det fint om du opplyser i påmeldinga dersom barnet ditt har behov vi bør vere merksame på, til dømes knytt til tilrettelegging, kommunikasjon eller oppfølging.
Slik kan vi planleggje godt og sikre at alle får ei trygg og positiv oppleving på teaterskulen.