Du veit dei dagane som blenkjer litt ekstra, og som ein kan hente fram frå minnet når det buttar litt imot? Ein sånn dag var laurdag 27. september.

I det rikhaldige programmet for dagen stod mellom anna bransjetreff for regionens scenekunstnarar. Bransjetreffet fann stad i teatersalen, trykt inn mellom amfiet og sceneteppet, som ein god klem. Bakanfor var det rigga til «Eg er Lucy Barton» seinare på kvelden.

Tema for bransjetreffet var tilhøyrsle, ny norsk dramatikk og beredskap i scenekunsten. Dramatikar Maria Tryti Vennrød er ein stor tenkar og heldt eit balansert innlegg om kva teater er, har vore og kan vere. Ho fekk alle til å tenke over eigne kunstnarskap – og kanskje livet også?

I lunsjen fylte vi på med endå fleire inntrykk, til ein smak av bagett og kaffi. Vi flytta oss ut på foajescena i Røyst mat & vin, der psykolog Sissel Gran og poet Joakim Kjørsvik møttest til ein samtalte om å sette ord på det vi elskar. Teaterkafeen var eit sideprogram til «Eg er Lucy Barton» og eit samarbeid med Rom for ord.

— De er heilt sprø viss de ikkje går på «Eg er Lucy Barton». Og ta med venner og kjende, var den kontante beskjeden frå Sissel Gran, som hadde set framsyninga dagen før.
«Eg er Lucy Barton» handlar i korte drag om eit komplisert mor-dotter-forhold. Og Gran, heile Norges psykolog, er jo kjent for sitatet «det renner ei elv gjennom alle terapeuters kontor, og den elva heiter mor».
Også når den heiter far, skal vi tru Joakim Kjørsvik. Han snakka om det å få ungar sjølv.
— Eg trudde eg kom til å møte meg sjølv i døra, men så møtte eg muttern.

Kjørsvik har fleire diktsamlingar bak seg, mellom anna «25. september-diktene» som han skreiv for å erobre si no kone. Det virka altså. Og i år kom han ut med haikudiktsamlinga «År og dag».
På spørsmål om kva som skal til for å få kjærleiken til å vare, svarer både han og Gran ganske likt: Oppdage den andre kvar dag. Halde fram å skrive den åndelege biografien om «oss».

Etter desse ganske så oppløftande kjærleiksråda, gjekk gjengen på bransjetreffet inn att i teatersalen for ei runde med norsk dramatikk. Dei las Maria Tryti Vennerød sitt stykke «Goliat» frå 2018 og reflekterte rundt det i lag, og etterpå sette dei seg godt tilrette i amfiet – og nokre la seg rett ut på golvet – og høyrde Arturo Tovar si lydoppleving «Gebrokkent: Eg vil heim». I verket høyrer vi stemmene til menneske som har kome hit frå heile verda. Viss du også vil høyre lydopplevinga, finn du den HER.
— Det er utruleg sterkt å sitje slik og lytte saman, med lyset dempa. Vere saman-saman. Det er det ikkje ofte ein gjer, sa Kjetil Solberg Stavenes frå kull 2 på Nynorsk scenespråksenter.
Skaparen av verket, Arturo Tovar, dukka opp på storskjerm. Han snakka varmt om det å høyre til og korleis ein kan bruke kunsten på måtar som foreiner oss.

Dagen blei avslutta med ikkje mindre enn to teaterframsyningar.
1: «Eg er Lucy Barton» med Idun Losnegård i rolla som både Lucy og mora, ein kondisjonstest av ein skodespelarprestasjon som haustar god kritikk.
2: URPREMIERE på «Amerikabreva» av Lene Therese Teigen, med søskenparet Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig på scena. «Amerikabreva» er ein perfekt miks av fakta og følelsar ein kan tru på. Oda syng hjartet sitt ut. Ho står i direkte nedarva linje frå tippoldemora si og kvinner som utvandra til Amerika, og det var veldig rørande å oppleve henne på scena mellom gamle portrettfotografi, til akkompagnement av broren på gitar og lydmiks.

Viss det går an å få melkesyre i hjernen, så var det nok det vi kjende på, på veg ut av Nynorskhuset denne kvelden. På ein god måte.
— Tusen takk, dette trengde vi! var konklusjonen til fleire av dei som var med.

Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Sigbjørn Løland Torpe og Vilde Stensland Vinje utanfor Nynorskhuset. Med full kultur-termos er vi klare for dei kalde haustdagane som kjem.