Vår frittgående reporter gjekk rundt og gjorde nettopp det; snakka med folk som hadde funne vegen på «Skal vi snakke om det? Nasjonal språkkonferanse» i Nynorskhuset 29. april. Her får du dagen oppsummert i 13 bilde.

PANGSTART: Fire damer som alle har språk og kommunikasjon som jobb var fornøgde med variasjon og breidde i programmet. — Thomas Seltzer sin seanse om KI var ein pangstart, ungdommane og Akselberg var både underhaldande og opplysande, og Helene Uri viser kor viktig det er å vere bevisste på kva ord vi velgjer å bruke, seier Linda Hovland. Dei sette pris på at konferansen hadde fokus på tydeleg språk og kor viktig det er i forhold bodskapen ein ønskjer å formidle – både på jobb og heime. F. v.: Vanja Birkeland, Solveig Rindal, Kristine Slettehaug og Linda Hovland.

GLAD FOR Å VERE MED: — All kred til arrangørane av konferansen. Dei har fått fram kor viktig det er at vi brukar stemma og språket vårt. Dette er eg glad eg fekk vere med på! Her var det tema som er interessante og relevante for mange, seier Finn Tokvam, som både var konferansieren på språkkonferansen og inviterte nokre av gjestene til samtale i sofaen. — Eg lærte ting, til dømes av ungdomsbolken. Det var nydeleg å sjå deira engasjement for språket og den fine kontakten mellom ungdommane og Gunnstein Akselberg, seier Tokvam.

PÅFYLL FOR SPRÅKELSKAR: — Eg er omsetjar og glad i språk – særleg nynorsken, seier Merete Aasen. Ho hadde tatt turen frå Jostedalen for å få med seg språkkonferansen i Nynorskhuset. Her er Meretes tre favorittar på programmet: Thomas Seltzer, Gunnstein Akselberg og Kristin Fridtun. — Det er artig å sjå dei ein kjenner frå TV live, og så gler eg meg til å høyre på Kristin Fridtun – det er kult det ho driv på med.

FANTASTISK REKRUTTERINGSFABRIKK: — Konferansen hadde ei imponerande samling gode folk som snakka om språk på ulikt vis. Eg har fått mykje å tenkje på, rett og slett, seier Samlaget-redaktør Cecilie Seiness. Ho kallar Nynorskhuset i Førde «ein fantastisk rekrutteringsfabrikk for nynorske skribentar». — Aktørane i Nynorskhuset er våre allierte på alle vis. Førde er eit nynorsk kjerneområdet, og vi i Samlaget burde reise hit oftare, også med tanke på å skaffe nye forfattarar. Ein kjempeflott dag med eit veldig bra program! seier Seiness. Ho er redaktør for Jon Fosse sine bøker og jobbar i tillegg med sakprosa.

WHERE THE HUZZ AT? Benjamin Hundvebakke, Malin Birkeland og Lina Solheimsnes Sunde frå 9a ved Førde ungdomsskule gav dei vaksne i salen ei innføring i eigne slanguttrykk. — Det er kult at dei vaksne vil vite meir om kva orda betyr, men eg håpar ikkje dei vil prøve å bruke dei, seier Benjamin med eit grøss. Ord og uttrykk plukkar dei opp frå nettet, gjerne frå TikTok, og når nokon i gjengen tar nye ord i bruk, tar venene etter. — Det blir som eit kodespråk, det gir fellesskap, seier Malin. — Nye ord kjem til heile tida. Nokre blir ein del av ordboka vår, andre forsvinn raskt. Eg lurer på om det er noko som blir verande med oss når vi blir eldre, det er eg usikker på, seier Lina.

IKKJE KJEFT PÅ UNGDOMMANE: — Det er så viktig og riktig at desse ungdommane og ungdomsspråket blir henta inn som tema på språkkonferansen. Og for nokre flotte ungdommar det er, seier språkprofessor Gunnstein Akselberg begeistra. Han fryktar korkje slangord eller engelsk påverknad for det norske språket. — Det er ingen grunn til å rette på ungdommane sitt talemål. Språket har alltid vore og vil alltid vere i endring. Det kjem stadig inn nye ord, nokre etablerar seg og blir etterkvart ein naturleg del av det norske språket, andre ord har kortare levetid. Ungommane utfordrar språknormene, og slik skal det vere, seier Akselberg, som har sans for «brainrot» og «rizz».

STOR RUMPE ELLER RUMPEHOL? — Eg er veldig imponert! Like mykje over ungdommane som av Thomas Seltzer. Eg forstod ikkje mykje av orda deira, men det er artig at dei seier «gyatt» om stor rumpe, for det har vi alltid brukt om sjølve rumpeholet til fisken – utan at eg veit om det er ein samanheng der altså, seier Arne Kleiva som har vore leiar i Naustdal mållag i 20 år. Han trugar med å trekkje seg kvart år, men det har ikkje skjedd, enno.

EPLE OG LAUK: — Først og fremst var det kjekt å møte gamle kjende – og folk som er opptekne av språk. Konferansen hadde også stor breidde, med mykje interessant på programmet. Det som fascinerte meg mest, til mi eiga undring, var foredraget til dramatikar Maria Tryti Vennerød – utan andre effektar enn orda, stemma, ein lauk og eit eple, seier Wenche Schanke Eikum i Sogn Avis.

EI STOR GLEDE: — Denne dagen har vore så bra, heilt fantastisk! Eg har hatt stor glede av alle innlegga. Arrangørane har verkeleg tatt tema på alvor og sett saman eit utruleg bra program, seier forfattar og språkvitar Helene Uri. Under konferansen snakka ho om korleis språkval både kan auke og minske gapet mellom oss. Uri har skrive 40 bøker, no er ho usikker på om det blir fleire. Forfattaren gav ei sterk skildring av korleis det har vore å stå i mediestormen den siste romanen hennar, «I mitt lune hi», førte til i vår.

FRÅ EIN ANNAN PLANET? — Det er nydeleg å kunne bruke ein dag til påfyll og refleksjon. Her har det vore mange tankevekkjande innlegg, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling. Ho ser lettare forvirra ut etter seansen der tre ungdomsskuleelevar fortalte om vanlege ord og uttrykk dei brukar. — Du skulle nesten tru dei kom frå ein annan planet! Her var det mange ord eg aldri har høyrt. Vi har mange ungdommar i kommunen, det er tydeleg at eg har ein jobb å gjere viss eg skal henge med i det dei pratar om, seier Følling og ler. Ho er full av lovord om programmet og arrangørane. — Vi er heldige som har Nynorskhuset i Førde! Det betyr enormt mykje for å fremje det nynorske.

VILL UTLEVERING: Katrine Sele har skrive ope og personleg om sitt eige datingliv gjennom sju år, slik ho opplevde det, i boka «Menn som nesten elska meg». — Eg er opptatt av å utvide rommet for kva det er greit å snakke om, og eg har fått melding frå mange kvinner som takkar for at eg set ord på situasjonar dei kjenner seg igjen i. Eg føler det har oppstått eit fellesskap der, og då får eg heller tåle at nokon synest det blir for privat, seier Sele. Ho angrar på éin ting: At kapittelet om såkalla «dickpics» vart stroke frå boka. — Eg fekk penisbilete frå fleire menn. Det var ukomfortabelt og gjorde meg veldig usikker. Slikt er ein del av det å date no, og eg angrar veldig på at vi kutta det ut. Men det er ei ulovleg handling og vart vurdert av advokat.

EIN MEISTERFORMIDLAR: — Så imponerande! Thomas Seltzer gir ei ei framstilling av seriøse og vanskelege tema rundt KI med humoristisk snert. Ein meisterformidlar, seier Traute Dvergsdal, lærer på vidaregåande i Førde «i alle år». Ho og og Aud Lunde er einige om at Seltzer presenterte skremmande utsikter kring kva tech-gigantane kan få til om dei får herje fritt. — Men eg merka meg at alt håp ikkje er ute. Vi må ikkje vere redde for å bruke KI som eit verkty, men det er mange fallgruver å styre unna, seier Lunde, nynorskelskar og gramatikknerd.

FJELGE SEG: Om folk hadde greidd håret før dei kom på språkkonferanse? Ja, det meiner vi det er rett å seie. Ingen såg i alle fall ut som denne gjengen. — Er det samanheng mellom populistane og sveisen, spurde retorikk-professor Kjell Terje Ringdal.
Tekst: Liv Grimsbø | Foto: Cecilie Molander og Liv Grimsbø
Språkkonferansen var arrangert av NRK, Firda, Teater Vestland, Nynorsk mediesenter, Nynorsk Avissenter og Nynorsk scenespråksenter. Møblane var lånte ut av Møbelringen Førde Varehus.








