
Snakkar vi meir enn før, men lyttar mindre? I ein hurtig straum av pyntespråk, ungdomsspråk, anglisismar og KI-genererte vendingar, når vi i det heile tatt fram til kvarandre?
Polarisering handlar dels om manglande vilje til å ta inn andre sine erfaringar. Når samtalen blir ein kamp om definisjonsmakt, er det lett for at rommet for tvil, nyansar og læring minkar. På språkkonferansen ser vi nærare på samtalen som ein demokratisk praksis, både med utgangspunkt i språk og samtaleklima.
TIMEPLAN:
9.30-09.50: Registrering og kaffi

09.50-10.00: Konferansier Finn Tokvam ønsker velkommen!
BOLK 1: SLÅ KOLLBØTTE MED KUNSTIG INTELLIGENS

10.00-10.40: Programskapar Thomas Seltzer snakkar om KI – ein godhjarta gigahjerne eller destruktiv dødsstjerne?
10.40-10.50: Thomas Seltzer flyttar over I SOFAEN til Finn for ein prat om polarisering, sett frå storebror USA.
10.50-11.05: Pause

11.05-11.25: Generativ KI hallusinerer, men språket har hen full kontroll på eller…? Seniorrådgjevar i Språkrådet, Matias Jentoft, om norsk språk, tekoligarkar og KI.

11.25-11.45: I SOFAEN møter forfattar Katrine Sele konferansier Finn til ein samtale om det språket ein berre kan skrive fram frå sitt eige indre. Motsatsen til KI om du vil.
11.45-12.45: Minglelunsj
BOLK 2: SLIK FORSTÅR DU KIDZA
12.45-13.05: Unge språkbrukarar gir oss ei innføring i ord og uttrykk dei bruker – og kva som er innanfor å seie.

13.05-13.25: Dei unge språkbrukarane møter professor Gunnstein Akselberg I SOFAEN til ein lærerik og underhaldande prat om praten.
13.25-13.40: Pause

13.40-14.00: Framtida Junior-redaktør Svein Olav Langåker har lese 15.000 tekstar av unge. Kva skriv dei om – og klarer dei å nå over generasjonskløfta?

14.00-14.25: Dramatikar og samfunnstenkar Maria Tryti Vennerød spør om vi har det språket vi treng for å gjere meining av det som skjer rundt oss.
14.25-14.45: Pause med minibakst
BOLK 3: POLARISERING – FOR LITE ELLER FOR MYKJE FRIKSJON?

14.45-15.05: Forfattar Helene Uri snakkar om korleis språkval kan både auke og minske gapet mellom oss. Ho kjem også inn på mediestormen ho har stått i etter den siste boka si.

15.05-15.25: Kva kan vi lære av populistane? spør retorikk-ekspert Kjell Terje Ringdal.
15.25-15.30: Nynorsk mediesenter og Nynorsk Avissenter har vore ute på gata i Førde og spurt folk kva den gode samtalen betyr for dei.
15.30-15.45: Pause med vitamininnsprøyting i form av fruktfat

15.45-16.05: Filolog og forfattar Kristin Fridtun gir oss nynorsk for dumskallar.
16.05-16.20: Språkkonferansen kulminerer I SOFAEN til Finn. Gjester er Helene Uri, Kjell Terje Ringdal og Kristin Fridtun.
16.20-16.30: Vi avsluttar med Finn Tokvam på ukulele – og kanskje blir det også allsong? La oss gjere det til ein stolt tradisjon!
16.30-17.00: Pause der folk kan gjere som dei vil
17.00-19.00: Minglemiddag og bar for eiga rekning
19.00-20.30: Teaterframsyninga «Eg er Lucy Barton»
Språkkonferansen er arrangert av sambuarane i Nynorskhuset: NRK, Firda og Teater Vestland, saman med systersentera Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.