
Rolf Losnegård er ein av dei som for lengst har skrive seg inn i sjølve grunnfjellet i det sogn-og-fjordanske – og vestnorske – teaterlandskapet. Då Regionteatret i Sogn og Fjordane tok sine første steg, var han alt på plass.
Vi kan klare oss utan teater – men vi vil bli mykje fattigare då. Rolf Losnegård
Den aller første framsyninga, «Dei siste maksværingar», hadde urpremiere i Førdehuset 28. oktober 1977. Oppsettinga blei svært vellukka kunstnarisk. Ho står enno att som ein av dei største publikumssuksessane til teateret gjennom alle tider, og skulle etter kvart vise seg å vere starten på eit langt og fruktbart samspel mellom dramatikaren og Sogn og Fjordane Teater, no Teater Vestland.

Sidan den gongen har Rolf vore ein gjennomgangsfigur i teaterhistoria i regionen – som dramatikar, dramaturg, språkkonsulent, rådgjevar og kritisk medspelar. Han har sett sitt preg på repertoaret gjennom seks tiår, heilt fram til vår eiga tid, og har i svært stor grad bidrege til å forme den identiteten Teater Vestland har i dag.

Rolf er ein dramatikar med blikk for dei store historiene – menneske som vert stilte framfor avgjerande val, etiske dilemma og krevjande vendepunkt i livet. Det er historier om fellesskap og brot, tru og tvil, ansvar og skuld. Difor har utescena alltid vore eit naturleg teaterrom for Rolf, der natur, historie og levd liv møtest, og der kontrastane kan kjennast fysisk. Ingen stad kjem dette klarare til uttrykk enn i Kinnaspelet – «Songen ved det store djup» – stykket som vaks fram over fleire år etter ei bestilling frå teatersjef Anne Gullestad tidleg på 80-talet. Sidan urpremieren sommaren 1985 har spelet vorte framført år etter år. Det har utvikla seg til eit kulturelt rituale som trekker publikum frå heile landet – til øya, kyrkja, landskapet og teaterstykket. I år blir Kinnaspelet oppført for 40. gong, med svigersonen til Rolf, Jeff Pedersen, som regissør, og dottera Idun i rolla som Margrethe prestefrille.

Registeret i dramatikken til Rolf er breitt. Han rører seg frå det vare og lyriske til det råe og utemmelege, frå komedie til tragedie. Ved Teater Vestland har publikum møtt titlar som «Vitaren kjem heim», «Risens hjarte», «Femti devla i sekken», «Solgåva frå vest», «Maksvær med vinskvett» og «Billy Bryants kafe».


Og i år står han altså på scena igjen sjølv, med den svært personlege monologen «Ein herre med namnet Parkinson».


Parallelt med dramatikken har Rolf skrive noveller, historiske romanar, barnebøker, biografiar og faktalitteratur. I gjendiktinga av «Gilgamesh», verdas eldste forteljing, syner han både språkkraft og intellektuell djervskap.

Livet ved sidan av forfattarskapen speglar det same mangfaldet: arbeid i NRK, lærar, styreleiar i Dramatikerforbundet, konsulent ved fleire institusjonar og ein sterk innsats for amatørteaterrørsla. Sidan slutten av 90-talet har Rolf vore frilansar på heiltid, og gjennom den frie teatergruppa Aldateateret har han halde fast ved trua på teateret som ein ekte og levande møteplass for tekst, skodespelarar og publikum.

Kanskje er det nett det som kjenneteiknar Rolf best: ei uroleg livslyst, eit sterkt samfunnsengasjement og ei djup tru på teateret som arena for menneskemøte og utvikling av demokratiet. Han har sjølv sagt at vi kan klare oss utan teater – men at vi vil bli mykje fattigare då. Ser vi på spora Rolf har sett etter seg så langt, er det vanskeleg å ikkje vere einig.

Tekst: Terje Lyngstad