Sjå kva som skjedde då Idun tok over podkasten vår!

Vi gav skodespelar Idun Losnegård frie tyglar i podkasten vår Bak maska. Ho fekk invitere kven ho ville – og snakke om kva ho ville.

Det enda i ein serie på tre episodar der ho forskar på mor-dotter-forholdet, som jo er hovudtema i «Eg er Lucy Barton». Losnegård står åleine på scena i stykket som hadde premiere i Nynorskhuset hausten 2025, og som skal på turné til kulturhus i Vestland i januar og februar 2026.

— I første episode fekk eg undersøke forholdet til mi eiga kloke mor, Anne Britt Nummedal Losnegård, og høyre meir om oppveksten hennar på postkontoret på den vesle handelsstaden Arnafjord ved Sognefjorden, seier Idun Losnegård.

— I andre episode hadde eg besøk av ein skarp Sissel Gran, som sette meg inn i mekanismane som oppstår og virkar i eit liv med traume og omsorgssvikt. Her fekk Lucy gå til psykolog rett og slett, seier Idun Losnegård.

— I tredje episode fekk eg interessante tankar frå mi kjære venninne Heidi Hattestein, den personen eg kjenner som deler kanskje mest erfaringar med Lucy, seier Idun Losnegård.

Relaterte framsyningar