Håper vi ser deg på Hi sia!

Rundt omkring på verkstadene på teateret blir det jobba hardt for å skape teatermagi. Mykje av det du ser på scena er inspirert av ting du også driv på med.

På teateret har vi snikkarverkstad, sveis, systove, målarverkstad, rekvisitt, lyd og lys og hår og sminke.

Har du liknande hobbyar? 

Då håper vi at vi ser deg på Hi sia, ei eiga fane på heimesida vår 👉 TRYKK HER

Vi kallar det DIY på nynorsk: Do It Yourself, eller gjer det sjølv, som det heiter på godt nynorsk.  

Når vi vel å seie DIY, så er det fordi at det bak den engelske termen finst eit stort internettsamfunn av folk som driv på med alle slags moglege handtverk og likar å nerde i lag. 

Vi likar òg å nerde, og vi gjer det gjerne i lag med deg. Vi er folket sitt teater, og vi har eigentleg berre eitt ønske: At folk skal føle eigarskap til teateret og vere ein del av det vi driv på med. Også dei folka som kanskje ikkje har høve eller lyst til å løyse billett, men som er levande opptekne av ærleg handverk og gjerne skulle fått ein titt bakom dørene våre.  

Vi bruker termen DIY slik at innhaldet på Hi sia skal vere søkbart og folk – både lokalt og globalt – kan finne fram til oss.  

Du har kanskje ikkje tenkt over det, men når du møter oss ute på turné med framsyningar for både barn og vaksne, så er det teknikarane frå verkstadene du møter. Når det er tid for turné, legg dei ned synåla og stikksaga for å reise ut og fronte teateret i møte med publikum.  

Så når Odd Magne – for eksempel – står og steiker vaflar til deg på veg inn i teatersalen, er ikkje det fordi vaffelsteiking er profesjonen hans. Det er fordi han – etter eige utsegn – er teaterets potet og kan brukast til alt. Vi veit at det er mange som opp igjennom har hatt glede av å slå av ein prat med han (under den staselege barten), og det er faktisk noko av det kjekkaste han veit med jobben sin.  

Kanskje vil du vite korleis scenografien til eit teaterstykke blir laga? Kanskje vil du lære meir om korleis ei splitthengsle fungerer, eller korleis du kan lage eit hyllesystem av kasserte bildelar? Eller kanskje har du glupe innspel på korleis vi kan lage scenemodular som er endå meir praktiske å sende på turné? Moglegheitene er uendelege.  

Vi vil gjerne komme i kontakt med deg. Du må gjerne ta kontakt med oss på post@teatervestland.no eller send oss ei melding på Facebook.  

Vi tenker på det litt som den der brødfjøla som ungar lagar til foreldra sine på sløyden. Den er kanskje ikkje heilt perfekt og like fin som den du kjøper i butikken, men det ligg masse kjærleik bak. Det er slik vi lagar Hi sia også – med hjartet. 

Relaterte framsyningar