Første kull på Nynorsk scenespråksenter

14 veker har gått sidan det første kullet ved Nynorsk scenespråksenter sette føtene inn på Teater Vestland. På denne tida har dei lært ei splitter ny dialekt. Korleis har Arjan, Jacob, Pernille og Stine klart seg? Er dei ekte vestlendingar no? Korleis er synet deira på nynorsk, og kva er det beste minnet deira frå opphaldet? Her kan du høyre dei fire deltakarane i samtale med konstituert teatersjef Kristina Kjeldsberg.

Podkasten vår har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Du kan høyre podkasten på Spotify også.