FOR BARNA: Multikunstnar både på og bak scena

«Fredrik – musa som samla på solskin» er ein co-produksjon mellom Teater Vestland og Kornelia Nicolaysen Melsæter.

Kornelia har skapt og framfører stykket, som er basert på den klassiske bildeboka til Leo Lionni. Med seg for å lage det visuelle, musikalske og tekniske uttrykket har ho Kristoffer, også han med etternamna Nicolaysen Melsæter. I lag er dei to ei kreativ kruttønne!

Kornelia har dessutan laga sjølvaste Fredrik. Musa er sett saman av dukkeleire og plastelina, med litt måling og saueull utanpå. Lillesøstera til Kornelia har strikka genseren, og ryktene vil ha det til at han også har fått hale etter at vi var innom og møtte han…

— Eg er inspirert av Pompel- og Pilt-dukkene, laga av Bjørg og Arne Mykle til den surrealistiske kultserien på NRK i 1969. Fredrik er på langt nær like skremmande, altså! Men du kan legge merke til plasseringa av auga og munnen. Eg har laga Fredrik på ein sånn måte at han kan ha mange uttrykk, alt etter korleis eg beveger han, seier Kornelia og styrer Fredrik med handa.

Auga sit langt frå kvarandre og er uttrykksfulle, mens den smilande munnen er plassert slik at den ikkje alltid viser. For det er jo litt vanskeleg å vere trist med ein smilande munn, prøv det den som vil!

Litt praktisk info:

Vi inviterer heile familien på «Fredrik – musa som samla på solskin» i Nynorskhuset tre laurdagar i september. Stykket passar for barn i alderen 4-7 år, og dei får bli ein del av historia. Barna blir med inn i museflokken og eit levande og leikande univers, der det som ein ikkje kan ta på, gjerne viser seg å vere det ein treng aller mest.

Vi oppmodar foreldre om å til å la barna kle seg som mus denne dagen, viss dei vil. Øyrer, halar eller ein brun genser er meir enn nok. Dersom barna ønskjer å lage ei teikning av musa Fredrik og ta med på framsyninga, blir Kornelia og Fredrik veldig glade for det. Dei samlar nemleg på teikningar og!