Festivalstemning i Nynorskhuset!

Den nye produksjonssjefen vår, Frida Aven Høstaker, ønsker å invitere deg inn i Nynorskhuset laurdag 27. september. Foto: Heidi Hattestein

Vi bøyer oss i hatten! Laurdag 27. september skjer det noko i kvar einaste krik og krok i Nynorskhuset. Alt frå URPREMIERE til fordjuping i vår tids dramatikarar til gratis teaterkafé med heile Norges psykolog Sissel Gran og Instagram-poet Joakim Kjørsvik. 

Vi ser ingen grunn til ikkje å nyte livet i Nynorskhuset sjølv om det er haust. Det er lov å leike sjølv om ein har fast pensjonstrekk på lønna, skal seie.

Vi håper du vil komme og vere med oss. Kostyme er _ikkje_ påkrevd altså… 

Som sagt, kostyme er _ikkje_ påkrevd altså.

Frå 9.30 om morgonen til 21.30 om kvelden er det bransjetreff på huset. Her inviterer vi bransjefolk spesielt – men også andre som er spesielt interesserte kan også søke om plass – til ein dag med fagleg påfyll og nettverking. Vi får mellom anna besøk av dramatikar Maria Tryti Vennerød og allsidig scenekunstnar Arturo Tovar, og det blir lesesirkel og påfyll av mat undervegs. Bransjetreffet er gratis, og fullstendig program finn du HER

Du kjem garantert til å treffe deltakarane på Nynorsk scenespråksenter viss du blir med på lesesirkel. Frida håper også på at ho får bli med…

Klokka 12-13 drysser vi litt stjernestøv over foajescena når psykolog Sissel Gran og poet Joakim Kjørsvik møtest i ein samtale om kva som skal til for å få kjærleiken til å vare. Teaterkafeen er knytt opp mot framsyninga «Eg er Lucy Barton». 

Klokka 18 viser vi «Eg er Lucy Barton». Konfettien etter norgespremieren ei veke tidlegare har knapt lagt seg, og vi har allereie fått fantastiske tilbakemeldingar frå publikum. 

Klokka 20 er det tid for URPREMIERE på stykket «Amerikabreva» av Lene Therese Teigen, med vår alles kjære Oda Alisøy og broren hennar Kjetil Alisøy Søvig på scena. Framsyninga er knytt opp mot 200-årsjubileet for utvandringa. Les meir om produksjonen HER

Relaterte framsyningar