
Tenk deg: Du ligg i ei seng på sjukehuset, og så dukkar mor di plutseleg opp. Du har ikkje sett henne på årevis. Kva snakkar de om…?
Prøvene på «Eg er Lucy Barton» er så smått i gang. Som første teater her i landet tar vi Elizabeth Strout si bok til scena. Frå Broadway til West End til Nynorskhuset og vestlandsturné. «Sounds about right», som dei truleg ville sagt der borti Midtvesten.
Lucy Barton vaks opp i ekstrem fattigdom på landsbygda i Illinois. Ho vart forsømt. Det var tronge kår, både materielt og emosjonelt, for å seie det slik. Vi møter henne som god vaksen, innlagt på sjukehus med alvorlege komplikasjonar etter ein operasjon.
— Lucy ligg der i sjukehussenga og tenker over livet. Som ung kunne ho ikkje komme seg fort nok vekk, ho praktisk talt rømde heimanfrå og kasta seg hovudstups inn i storbylivet. Familien kom aldri på besøk, heller ikkje då ho sjølv fekk ungar, og ho reiste aldri heim att. Når så mora plutseleg sit der ved senga, kjem heile barndommen kasta i hovudet på henne. Det er ikkje det minste rart at ho blir liggande å tenke på korleis livet blei som det blei, seier skodespelar Idun Losnegård og held fram:
— Lucy blir ein detektiv i eige liv. Ho prøver å samle alle historiene i éin kropp, for på den måten å akseptere heile seg. Alt dette er henne.
Stykket trekker parallellar mellom forskjellige minne, eller forskjellige rom for å vere meir konkret. Sjukehusrommet og maisåkeren, for eksempel. Alt skjer inni ein nedstrippa scenografi med ei sjukehusseng, der video-, lyd- og lysdesign speler ei heilt avgjerande rolle for å skape rom for tankane.
Idun Losnegård står åleine på scena, men lener seg på publikum. Ikkje slik å forstå at publikum må bidra eller svare henne på noko vis, men dei er der som ein tenkt, stille samtalepartnar for Lucy. Ho prøver å sjå for seg korleis historia hennar sit hos dei.
— Og det gir henne kraft til å halde fram, seier Losnegård.

I prøverommet er kunstnarleg lag inne i ein intens fase. Dei har gått gjennom stykket nokre gonger, og no skal dei begynne å skyte fart.
— Det er ein litt vond fase for meg, for det er så masse eg skal forhalde meg til. På heimefronten er eg på puggestadiet. Kvar dag når eg kjem heim frå jobb, ber det rett inn på biblioteket for å pugge tekst.
Ektemannen og dei to døtrene har begynt å banke på døra, utan at ho har bede dei om det. «Snakkar du med deg sjølv, eller sit du i telefonen», spør dei.
Ingen av delane i grunn. Det er Lucy som snakkar med Lucy.