I tillegg til våre to kjære skodespelarar – teaterets gull Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen – har vi fått med oss eit sjeldan sjarmerande trekløver av unge skodespelarar til å gestalte Brørne Løvehjarte.

Vi har tatt ein prat med dei på «flightcasen», kassen vi pakkar utstyr i på turné. (Ja, det var freistande å putte dei oppi, men HMS.)
La oss begynne med den veslaste broren, Kavring eller Karl Løvehjarte som han eigentleg heiter, spelt av Filip Kremner. Dei som kjenner Astrid Lindgren si klassiske forteljing, veit at Kavring har ein alvorleg sjukdom.
— Kavring ligg i ei seng og er redd for å døy, og verda utanfor er ukjent og skremmande. Når han etter kvart kjem til Nangijala, snur alt og han får det innmari bra, og då blir han redd på ein annan måte. I staden for å frykte det han ikkje har, blir han redd for å miste det han har. Kavring si reise i stykket er at han må finne motet sitt og bli sjølvstendig, slik at han torer å ta sine eigne val, seier skodespelaren.
Kremner var ferdig utdanna ved Teaterhøgskolen for eitt år sidan og er tilknytt Den Nationale Scene. Bergenspublikummet har mellom anna sett han i Den stundesløse tidlegare i år.
— Som skodespelar vil eg seie at eg er veldig fysisk, barnleg og impulsiv.
Heldigvis for vesle Kavring, så har han ein storebror: Jonatan Løvehjarte, spelt av Jonas Stene Skjelde.
— Jonatan er den fyren mange av oss strevar etter å vere. Han er ein som tar ansvar og elskar lillebroren sin meir enn noko anna. Han drives av kjærleiken, naturen og det vakre, seier Skjelde.
Skjelde er ifølgje seg sjølv ein glad bergensar som elskar skodespeleri. Han er utdanna skodespelar både ved Nord universitet og Teaterhøgskolen, og publikum kjenner han mellom anna frå rolla som Jonas i Tordivelen flyr i skumringen på Det Vestnorske Teateret (2020-2021).
Sist, men ikkje minst, har vi Jacob Nasseri. Han var ferdig utdanna skodespelar ved Nord universitet i 20223 og har sidan vore engasjert ved tre forskjellige teater. I tillegg kan du ha sett han i spelefilmen Nr. 24. Publikum i Sunnfjord kjenner han dessutan frå Nynorsk scenespråksenter, og no får han verkeleg moglegheiten til å bruke det han har lært.
I Brørne Løvehjarte har han ikkje mindre enn fem roller – på forskjellige dialekter!
— Eg speler Hubert, Orvar, Kader, Tengel sin tenar og ein lege. Og gjennom det får eg gi stemme til forskjellige sjeler i samfunnet, alt frå friheitshelten til dei ein kanskje ikkje vil spegle seg i.
