Dei kjem tilbake til oss med «Amerikabreva»

Vi er så freidige at vi tar litt av æra for at desse to har funne kvarandre: Lene Therese Teigen og Oda Alisøy. Foto: Privat

Hugsar du «Mødrevariasjonar» frå 2023? Ulike mødreerfaringar vevde seg inn i kvarandre og skapte eit nyansert bilde av kva ei mor kan vere. På scena spegla fire kollar det karakteristiske bakkelandskapet på Vestlandet, og vi kunne sjå mødrene bakse seg opp og ned med barnevogner. Vakkert var det, og heldige er dei som fekk det med seg. 

«Mødrevariasjonar» frå 2023. Du ser Oda Alisøy til venstre i bildet. Foto: Espen Nyttingnes

Stykket var skrive og regissert av Lene Therese Teigen, og Oda Alisøy spelte ein av mødrene. Det var første gongen dei treftest. Skravla gjekk frå første stund, både på jobb og utanom. Sidan har det blitt fleire samarbeid. 

— Eg har valt deg igjen og igjen, seier Lene til Oda. 

— Du har mange kvalitetar, mellom anna slår du sterkt igjennom på scena, og du er ein god songar. Du torer å vere i eit utforskande landskap og har regiblikk. Dessutan er du intelligent og god til å lage mat!

No er dei to aktuelle med «Amerikabreva», ei framsyning om utvandringa til Amerika, knytt opp mot 200-årsjubileet.

Bilde frå prøvene på «Amerikabreva». Foto: Privat

Éin ting er annleis denne gongen. Tidlegare har det vore Lene som har valt Oda, no er det omvendt. Gjennom det nyetablerte produksjonsselskapet Aldeles Alisøy er Oda produsent og medskapande skodespelar. Lene Therese Teigen har scenetekst, regi og visuell design, og for andre gong i ein svært rikhaldig bibliografi med både dramatikk og skjønnlitteratur skriv ho på nynorsk. 

— Eg har valt deg fordi eg kan vere sikker på at det blir kvalitet, seier Oda til Lene. 

— Eg finn nye ting i tekstane dine kveld etter kveld. Samtidig veit eg at stemma mi blir høyrt. Eg føler meg trygg saman med deg og kan vere heile meg, både profesjonelt og privat. Dessutan er tematikken i stykket spennande for oss begge. Einaste aberet er at du ikkje er så glad i monologar, ler Oda på karakteristisk, smittande vis. 

— Så då heiv eg innpå broren min også. Komponist – no også med replikkar! 

To blad Alisøy Søvig. Foto: Privat

— Det er sant at eg har sagt at monologar _kan_ vere fattig teater, svarer Lene og held fram:

— Det hjelp mykje på å ha med Kjetil Alisøy Søvig på scena. Han er ein vedunderleg flink komponist. Og så er det jo familiehistoria til både han og Oda vi fortel. 

Lene hadde to føresetnader for å takke «ja». 

— At eg kunne konsentrere teksten om kvinnene som utvandra. Og at det helst skulle vere ei personleg historie i botnen, seier Lene som har lang erfaring med å bygge det ho skriv på historiske fakta.

La oss dvele ved nokre av dei: Nesten kvar tredje nordmann utvandra til Amerika. Etter Irland var Norge det landet i Europa som sende flest utvandrarar til Amerika målt etter folketal. Etter 1910 var 51 prosent av utvandrarane kvinner, og mange av dei var unge og einslege. 

Dei fleste av oss har utvandrarar i slekta, og Oda og Kjetil har funne etterkommarar i Meta sitt univers. 

— Begge søstrene til tippoldemora vår reiste til Amerika. Dei kom frå Dale og levde to ganske ulike liv der borte. Det fekk vi vite mykje meir om, då vi plutseleg blei kontakta av firmenningen til pappa frå Chicago. Han hadde klart å spore oss opp og ville bli betre kjent med familien i Noreg, seier Oda.  

«Amerikabreva» startar som eit foredrag om unge kvinner som utvandra. Men når ein amerikakoffert plutseleg dukkar opp, vert forteljinga meir personleg. Oda sine eigne slektsminne viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet – og som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i norsk utvandringshistorie. Med dette utgangspunktet speglar  framsyninga òg vår eiga tid, der menneske framleis må bryte opp og søke nye heimar.

Det gode samarbeidet mellom Oda og Lene viser att i alle som stiller seg bak prosjektet. I tillegg til oss her på Teater Vestland: Vestland Fylkeskommune, Stiftelsen Fritt Ord, Fond for Frilansere og Preform i Dale. 

Oda og Lene håper at stykket skal få eit langt liv. I første omgang har dei lagt urpremieren til Nynorskhuset i Førde 27. september, og etterpå blir det turné både i Den kulturelle skulesekken og spaserstokken. Opne framsyningar vil bli annonserte undervegs. 

Vener frå studietida i USA har allereie begynt å tipse Oda om aktuelle spelestader over dammen. 

— Men det får bli eit prosjekt for seinare. No har eg meir enn nok med å lære meg teksten på norsk. 

«First we take Norway, and then we take USA again.»