Bli med inn den magiske døra, dit leiken bur

På Astrid Lindgren-sk vis kjempar regissør Miriam Prestøy Lie for barna og deira verdi. Eit samfunn som tar barna på alvor, blir eit varmare og klokare samfunn for oss alle. 

— Eg har alltid elska Astrid Lindgren si forteljinga om Brørne Løvehjarte, og det er ei gåve å få jobbe med den på scena, seier regissør Miriam Prestøy Lie. Foto: Heidi Hattestein

Miriam Prestøy Lie har regi på Brørne Løvehjarte her på teateret, eit samarbeid mellom oss og Den Nationale Scene. 

Vi møter henne til ein prat om leiken – med stor L. Leiken som i Livet. Også når det Livet varer i fire og eit halvt år og éin dag.  

Prestøy Lie fortel at Astrid Lindgren sin klassikar om dei to brørne Løvehjarte har vore viktig for henne i fleire fasar i livet. 

— Først som barn, då eg blei med inn i leiken i Nangijala. Å som eg elska alt det triste! Og så var det jo ei utruleg spennande forteljing. 

— Då eg seinare blei mor til tre, og den miste sonen vår – Einar – fekk ein alvorleg sjukdom, tok vi fram boka og las den med eit nytt lag. Den var eit viktig utgangspunkt for å skape ein samtale med dei eldre søskena hans om døden. Då Einar døydde, fire og eit halvt år og éin dag gamal, brukte søskena hans nettopp leiken til å skape ei fanastiverd han kunne bu i, på same måte som Jonatan gjer for Kavring med Nangijala. Eg veit ikkje om det er fordi vi hadde lese boka, eller kanskje fordi Astrid Lindgren treffer noko som ligg i oss alle? 

— Når eg no har tatt opp att boka for å jobbe med den på scena, har den fått endå eit lag. Leiken er framleis med, men boka har jo også ein annan tematikk: frigjeringskampen og det å stå opp mot destruktive krefter. I Brørne Løvehjarte får vi ei forteljing om å stå opp for det gode, og det kan vi alle ha bruk for, slik verda ser ut i dag. Vi treng pasifistiske heltar som Jonatan, som viser at det har verdi å velje vekk vald, seier Miriam og held fram:

— Så er det jo også verdas vakraste kjærleikshistorie mellom to brør. 

Astrid Lindgren sa ofte at ein må lytte til barn og ta dei på alvor, ikkje berre bestemme over dei. Ho meinte at vaksne må møte barn med respekt, ikkje som små, uferdige vaksne, men som heile menneske med eigne tankar, kjensler og verdiar.

— I leiken øver vi oss på livet. Vi utforskar kven vi er, og kven andre er, og vi utviklar empati og forståing. Leiken varer berre ei stund, men vi kan ha eit heilt liv der inne, seier Prestøy Lie.

Det har ho tenkt masse på etter at ho var i Astrid Lindgren sin barndomsheim i sommar. Huset er gjort om til eit kunnskapssenter, der dei ulike romma er tileigna leiken til Astrid Lindgren og søskena. 

— Spesielt eitt rom gjorde sterkt inntrykk på meg, det som handla om å slutte å leike og å miste tilgangen til den magiske døra inni seg. For dei fleste av oss skjer det vel rundt 11-12-årsalderen. Astrid Lindgren beskriv så godt den sorga ho følte då ho ikkje lenger klarte å sleppe seg inn i leiken. Eg tenker at alt ho seinare skreiv på sett og vis var eit forsøk på å komme inn att den døra. Og det kan eg relatere meg til. Leikane eg leikte som barn, dei hugsar eg framleis som stader eg har vore og menneske eg har kjent. Desse erfaringane er like verkelege som andre ekte erfaringar, og slik trur eg at det er for mange. Dei veks i minna.

HER kan du klikke deg vidare til Astrid Lindgren sin barndomsheim.

Leiken er livsviktig. Det lærte Einar oss. Frå han var to år gammal visste foreldra at han ikkje ville få eit langt liv. 

— Det var viktig for oss at han skulle ha ein heil barndom. Eit kort liv er også eit fullverdig liv. 

Leiken var ein nøkkel. Både Miriam og partnaren Torkil Sandsund – også han teaterskapar – held leiken svært høgt. 

— Viss vi skulle følgt retningslinjene til punkt og prikke, ville Einar vore ein pasient. Men vi prøvde å styre det i ei litt anna retning med leiken som utgangspunkt. I staden for at han skulle ligge i ei sjukehusseng heime, bygde vi ei stor, rund seng på ei plattform vi fekk tak i frå ein bilverkstad. Her kunne Einar ha besøk av vennene sine. Senga kunne heisast opp til ei luke i taket, og det var Einar som styrte knappen. I leiken blei han likestilt med dei andre barna. Då han døydde, sa bestevennene hans i barnehagen at dei ikkje eingong visste at Einar var sjuk. Det er noko av det sterkaste for oss. 

HER kan du klikke deg vidare til ein bladbar versjon av «Einars bok» av Katrine Sele, der du kan lese om dei dyrebare dagane og alt det uendeleg fine eit liv på fire år og eit halvt år og éin dag kan innhehald.

Astrid Lindgren hadde sjølv ein son som ho måtte gi ifrå seg. Ho var ugift og berre 18 år gammal då ho fekk han, i eit tid då det var uhøyrt. 

Ho reiste til København for å føde i skjul. Sonen Lars måtte bu hos ein fosterfamilie medan Astrid prøvde å finne ein måte å ta vare på han. Etter fleire år klarte ho endeleg å hente han heim, ved hjelp av si eiga mor. Seinare fekk Astrid og Lars eit nært og varmt forhold, men erfaringa sette djupe spor i henne. Kanskje var det difor ho var så oppteken av barns behov for kjærleik og tryggheit framfor straff og skam? I bøkene hennar ser vi ofte barn som må klare seg sjølve, men som finn styrke i kjærleik og fantasi, slik som Pippi, Ronja og Emil.

— Eg har alltid vore inspirert av Astrid Lindgren. Ho snakkar eit språk som barn kan forstå, ekte og ufiltrert. Alle treng klokskapen hennar om korleis ein møter barn og snakkar med dei, seier Prestøy Lie. 

Framsyninga Brørne Løvehjarte er for heile familien frå seks år og oppover. Stykket har premiere i Nynorskhuset i Førde 15. november og skal på turné til kulturhus i Vestland fram til jul.

— Det er ein alder der mange barn blir opptekne av og har tankar om døden. Eg trur stykket kan vere ein god inngang til å snakke med dei om teamet.

Relaterte framsyningar