Amatørteater: Påmeldinga er opna!

Bli med på Amatørteater våren 2026! 
Har du lyst til å utforske teater, utvikle nye ferdigheiter og treffe andre som likar å stå på scena? 
No opnar vi for påmelding til vårens amatørteatertilbod for vaksne. Vår kjære instruktør Jeff Pedersen har mange prosjekt denne våren og vi gjer derfor nokre tilpassingar for å kunne gje eit tilbod gjennom heile våren: 

Faste øvingar 
Frå mandag 19. januar og ut februar vert det øvingar kvar mandag med Jeff Pedersen.

Samlingsbasert vidare utover våren (4 stk) 

Frå mars blir det ei samling i månaden (3 timars samling), der vi får besøk av profesjonelle teaterfolk som lærer oss ulike teknikkar – alt frå improvisasjon og sceneteknikk til karakterarbeid, stemmebruk og fysisk teater.

Datoar for samlingane og instruktørar kjem vi tilbake til på seinare tidspunkt.

Kven kan vere med?
Alle som har lyst til å prøve teater – enten du er heilt ny eller har erfaring.
Pris: 775,-Begrensa plassar – førstemann til mølla, tidlegare deltakarar vil verte prioriterte. 

Frist til påmelding 31.12.25 

Tildelingar av plass skjer i veke 1, 2026. 

HER melder du deg på.

Relaterte framsyningar