Hender det at du tenker noko i den retning….?

Det er lett å ha fordommar mot bøker, basert på bokomslaget eller kjønnet på forfattaren, sjølv for dei mest litteraturinteresserte. Eller kanskje spesielt for dei mest litteraturinteresserte?
På haustens første teaterkafé fekk vi høyre dei to regissørane bak «Eg er Lucy Barton» i samtale på foajescena: Regissør og konstituert teatersjef Kristine Kjeldsberg og co-regisssør Ingvild Lien. Stykket bygger på Elizbeth Strout sin roman med originaltittelen «My name is Lucy Barton».
Begge innrømmer at dei var litt skeptiske i møte med romanen. Men dei blei «blown away».
— Den er godt skriven, og historia er enormt rik. Eg har lese intervju med den amerikanske forfattaren der ho seier at ho ikkje forstår korleis nokon kan klare å dramatisere boka, og ho har eit poeng. Vi har måtta kutte ganske brutalt for å snevre oss inn til ei forteljing som er mogleg å levere i løpet av halvannan time på scena, seier Kjeldsberg.
— Det har blitt likvidert ganske mange darlings undervegs, bekreftar Lien.
— Det er nokre parallellar til Ernest Hemingway sin forfattarskap her. Plutseleg er han på ein lang fisketur, seier ho til latter for dei som har møtt opp på teaterkafé.
Det står berre éin skodespelar på scena i denne hovudsceneproduksjonen. Men ein kan fort bli lurt til å tru at det er flerie.
— Idun Losnegård speler mange karakterar. Spesielt to personar er veldig til stades i rommet: Lucy og mora hennar. Losnegård switchar mellom dei to på brøkdelen av eit sekund. Det krev stamina og er skikkeleg rått å sjå på, seier Lien.
Lucy veks opp i djup fattigdom i Midtvesten i USA, forsømt både materielt og emosjonelt. Mange år seinare, som kjend forfattar i New York, blir ho innlagt på sjukehus. Plutseleg sit mora ved sengekanten, etter mange år utan kontakt. Kva skal dei seie til kvarande, og er det mogleg å finne forsoning?
I det nære handlar det om eit komplisert mor-dotter-forhold, og i det store om eit samfunn som blir stadig meir polarisert.
— Noko av det som er genialt med romanen er at den spenner over fleire hundreår med historie, heilt frå behandlinga av urbefolkninga via borgarkrigen og aids-epidemien og fram til i dag. Dette er nasjonale traumer som er underkommuniserte både i samfunnet og i nære relasjonar, det finst rett og slett ikkje noko felles språk, sjølv ikkje i den inste familien, seier Lien. I tillegg til teaterbakgrunn har ho mastergrad i North American Area Studies, som enkelt sagt er amerikansk samfunnsfag, litteratur, film, internasjonal sikkerheitspolitikk, religionshistorie med meir.
— Boka byr på enormt mange referansar og djup samfunnskritikk gjennom det næraste vi har: Forholdet mellom mor og dotter, utdjuper Kjeldsberg.
Finst det ein måte vi kan nærme oss kvarandre på?
— Lucy er open og nysgjerrig og lar seg ikkje hemme av frykt. Det trur eg er ein god måte å bygge bru på, seier Kjeldsberg.
Teaterkafé i Røyst mat & vin i Nynorskhuset i lunsjtida er eit veletablert og populært konsept.
— Det er kustnarar vi bør setje på scena. Dei er berre så interessante å høyre på. Meir av dette! sa ein av dagens gjester.
Og meir skulle det ikkje til for å gi oss på teateret ein god dag på jobb.
