Nansens son
Kor lenge må ein øve på å sove i ein fryseboks før ein er klar for å dra til Nordpolen?
Åsmund er ikkje som alle andre. Han har bestemt seg for at han åleine skal gjenopprette Fridtjof Nansens tapte ære. Nansen nådde jo aldri heilt fram til Nordpolen.
For å trene på kulde har Åsmund skaffa seg ein fryseboks som han søv i. Etter kvart som han venner seg til kulden, skrur han temperaturen gradvis meir og meir ned. Han har eit klart mål og ein tydeleg plan, men kor mykje kulde og einsemd toler eigentleg eit menneske?
Nansens son er eit humoristisk og sårt stykke om konsekvensane av å dyrke ein vinnarkultur. Det handlar om dei som ikkje klarer å passe inn blant dei sterke, og om kor vanskeleg det kan vere å leve om ingen treng at ein er til.
Nokre spelestader kjem i sal seinare. Følg med – turnélista blir oppdatert fortløpande!
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Av Henrik Mestad
Omsett av Maria Tryti Vennerød
Regissør, scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Lysdesing Gard Gitlestad
SKODESPELAR Kyrre Eikås Ottersen
Speletid:
Ca. 1 time 15 minutt
Billettpris:
Frå kr 180 ,–
Spelestad:
Nynorskhuset og turné i Vestland fylke