Familien Adams – Young@Part
VIKTIG MELDING: Framsyninga startar klokka 18.45 og ikkje klokka 18.30.
Betal det du kan! Inntektene frå billettane går til å styrke teaterskuletilbodet i samarbeid med Sunnfjord kulturskule, slik at endå fleire barn og unge kan få oppleve scenekunst.
Ein musikalsk komedie
Velkomen til ei morosam, mørk og hjartevarm framsyning når vi inviterer til Familien Addams – Young@Part!
Wednesday Addams har blitt forelska – i ein heilt vanleg gut! Når dei to familiane møtest til middag, ligg alt til rette for eit møte fylt av hemmelegheiter, sterke kjensler og uventa vendingar. Kva skjer når det normale møter det heilt… unormale?
Teaterskuleelevane våre har gjort framsyninga til si eiga, med eigne vriar, idear og ekte speleglede!
Framsyninga passar for alle frå 5 år og oppover.
Teatermeldingar
Pressefoto
Relaterte artiklar
Kunstnarleg lag
Regi: Greta Pemberton
Omsetjing til nynorsk: Trude Skarvatun
Alt du ser på scena er tilverka på teaterets verkstader.
THE ADDAMS FAMILY – YOUNG@PART
THE ADDAMS FAMILY A NEW MUSICAL
Book by Marshall Brickman and Rick Elice
Music and Lyrics by Andrew Lippa
Based on the characters created by Charles Addams
Young@Part Edition adapted by Marc Tumminelli
Young@Part Edition originally produced at Broadway Workshop in New York City
Teaterforlag: Nordiska ApS – www.nordiska.dk
Speletid:
1 time
Billettpris:
Frå 50,–
Spelestad:
Nynorskhuset